Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkende Presse

SKUP 12-14. APRIL 2024

2024/04/12 16:00:00
Countdown placeholder
Nedtelling
Kristine Solhaug
For Kristine Solaug vart det å stå fram som varslar viktig for å ta tilbake kontrollen over livet sitt. Foto: Ketil Blom Haugstulen. 

Signal-meldinga frå NRK endra Kristine Solhaugs liv

Ho var den første varslaren som stilte opent med namn og bilete i NRK sine saker om trakassering i Forsvaret. Slik har det gått med ho etterpå.

Av Vilde Gjerde Lid

Kristine Solhaug stod våren 2022 fram og fortalde om korleis sjefen hennar i Forsvaret prøvde å presse ho til å gi falsk forklaring til politiet. Han hadde køyrd av vegen i fylla.

NRK hadde fått tak i varselet ho hadde sendt. No fekk ho ei Signal-melding som endra alt.

Den krypterte meldinga frå journalist Marit Higraff var grundig. Den handla om at NRK ville snakke med ho - og kvifor. 

– Vi tok ein prat, og ho fortalde om at ho hadde blitt tipsa om mitt siste varsel, og viste ei forståing, og var forferda over det som hadde foregått. Det gjorde at eg følte meg veldig sett og var trygg på at det var i gode hender. Eg blei trygg på Marit, og at eg skulle både vernast og løftast fram, seier Solhaug. 

Etter ei stund valte ho å stå fram. Med namn, bilde - og ikkje minst uniform. Det siste skulle vise seg å bli veldig viktig for ho.

Og det gjekk fort. Etter at VG publiserte si sak om ein soldat som blei filma i dusjen, fekk NRK fortgang i prosessen.

Men det gav også Solhaug tryggleik i at det var riktig det ho gjorde. Og at ho ikkje var åleine. 

Men det var også ein annan grunn.

 

 

Kristine Solhaug var ein av varslarane som snakka på SKUP. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Grunnen til at ho stilte opp
– Det var ein måte å vise kvifor ting blei som dei blei då det stod på som verst. Det at folk visste at det var meg det var snakk om, og at eg kunne forklare kvifor eg alltid takka nei til det sosiale eller var sjukemeldt i fleire periodar. 

Så kvifor stilte ho opp utan å kreve anonymisering?

– Det er todelt. Ein er at Marit Higraff oppfordra meg, fordi det ville gi sterkare. Men det var ikkje det som vippa meg over. Eg kjem frå ein liten stad, og mange visste om saka. Eg blei mindre sosial. Det gjorde noko om mitt privatliv opp i det her, seier Solhaug. 

Stilte i uniform
For NRK- journalistane var det ikkje sjølvsagt at dei ville få varslarar til å stille med namn og bilete. 

– Då vi byrja å nærme oss produksjon, tenkte vi at sjansane var små for at nokon skulle stå fram opent. Vi trudde vi ville ende med å måtte sladde og med anonyme kjelder, fortel Marit Higraff. 

 

 

NRKs Tormod Strand, Christine Svendsen og Øyvind Bye Skille. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Etter lange grundige samtalar mellom journalistane og Kristine var ho heilt sikker. Ho ville ikkje berre stille opent i saka. Ho ville stille i uniform. 

– Det var for å ikkje vere så sårbar, og å ikkje vere den private Kristine. Dette var arbeidsrelatert. Det gjekk utover organisasjonen Forsvaret, ikkje berre meg. Eg ville beskytte meg sjølv, men også vise at det handla om meir enn meg, seier Solhaug. 

Fortalte om å stå fram som varslarar
Line Svingen og Caroline var også på SKUP-scena laurdag.
.
Dei andre varslarane seier at måten NRK møtte dei på og tok kontakt på, var avgjerande på dei ville stille. Dei var audmjuke, og lot varslarane ha ei stemme i heile prosessen, men ikkje minst gav dei kjensla av å bli trudd. 

Dei tre er ganske klare på at dei ville gjort det igjen. 

  • Les sakene frå NRK her.

– Det har betydd så mykje i ettertid. Ein ting er å få unnskulding frå Forsvaret, men det å få oppreising har også betydd mykje for den sosiale helsa, seier Solhaug. 

– Det er eit Forsvaret før og etter desse sakene som gjer det verdt det. Det kjem med ein kostnad på personleg plan. Men eg ville absolutt gjort det igjen, legg Caroline til.

Fekk retrett-moglegheit
Varslarane fekk også tilbod om retrett. Dei kunne trekke seg frå saka når som helst. Til og med ein time før Dagsrevyen skulle på lufta. Det var heilt avgjerande for at Line Svingen sa ja.

Ho var Forsvarets første kvinnelege helikopterpilot, men endte med å bli skvist ut av jobben som skvadronsjef

– Det kosta enormt i 2010 då eg stod i det. Eg var redd for at eg skulle bli sjuk igjen. Det kan ikkje ende med at eg blir sjuk, for lokomotivet Forsvaret vil berre halde på. Det er berre toppen av isfjellet vi sit på, seier Svingen. 

Slik jobba NRK
Alt kjeldene sa, blei nøye ettergått før publisering. Ingen påstandar blei publisert utan at det var dokument. Hadde dei ikkje dokumentasjon, blei påstanden fjerna frå intervjuet. 

– Varslar har ikkje meir verdi enn ei anmelding. Det er udokumenterte påstandar som vi må undersøke, seier journalist Christine Svendsen. 

Journalistane undersøkte dommar, ettergjekk tekstmeldingar og leita opp gamle dokument på gamle hardiskar over fleire månader.

– Det ligg ei tryggheit, både for intervjuobjekt og for journalisten at ein sjekker og ettergår saka, seier Svendsen. 

I metoderapporten for arbeidet, er nettopp kjeldearbeidet godt skildra. Noko som ikkje er sjølvsagt i ein SKUP-rapport. 

Tryggleik var eit viktig kriterium i arbeidet. Fleire kjelder risikerte jobben ved å snakke med NRK. 

Marit Higraff fortalte om korleis dei møtte kjelder på hotellrom og i audemark. Og korleis dei enten la igjen mobiltelefonar og laptop heime før møtene. Eller at dei pakka mobilar inn i handkle for å unngå avlytting. 

Tok kontroll over livet
For Kristine Solhaug har det å stå fram offentleg vore viktig for å få tilbake kontrollen over livet sitt. 

– Eg har fått oppreising i form av at eg har blitt meg sjølv igjen. Eg har gått rundt å trudd at eg har overdrive eller vore eit problem. Det har eg ikkje vore. Så den oppreisinga har betydd alt, seier Solhaug. 

NRK sine varslingssaker er eit pågåande prosjekt, med siste publiserte sak denne veka. Dette er ikkje over, men Solhaug har tru på endring. 

– Eg er framleis i Forsvaret, så eg er nødd å tru på vegen vidare, og har det også. Eg seier ikkje at alt er ok, men vi har bana veg for handteringa av varsel. Med handteringa har NRK og vi som har stått fram vore med på å endre dette, seier Solhaug. 
 

På forsiden nå